(21.01.2021)
 

Tussa med svært godt omdømme

Breibands- og IT-kundane gir Tussa toppskår i ei omdømmeundersøking som vart gjennomført før jul.

Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research på oppdrag frå Tussa, og det er Tussa sine bedriftskundar på produkta breiband og IT-tenester som har svart på undersøkinga. Samstundes er det gjort ei samanlikning med bedrifter på landsbasis.
 
Bedriftene gir ei svært god overordna vurdering av Tussa, med ein omdømmeskår på 79 av 100. Resultata viser at kundane har svært høg tillit til Tussa, og at dei i stor grad opplever at det er god kvalitet på Tussa sine produkt og tenester, og at leveransane dekkjer kundane sine behov.
 
- Dette er eit svært hyggjeleg resultat, og det beste resultatet for Tussa nokon sinne. Dette ser vi på som ei stor tillitserklæring frå kundane våre, og vi vil jobbe knallhardt for å gjere oss fortent til denne tilliten også i framtida, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
 

Viktige område for kundane

Leiing og kvalitet på produkt og tenester er dei viktigaste områda for kundane og her oppnår Tussa ein særs god omdømmeskår. Tre andre område som peikar seg ut i særleg positiv retning er oppfatninga av Tussa som ein god arbeidsplass med dyktige tilsette, at Tussa er miljøvennleg, og at selskapet er synleg i samfunnet på ein positiv måte. På desse tre områda er omdømmeskåren på over 80, noko som er svært høgt.
 

Best på IT

I undersøkinga er det også ei samanlikning med bedrifter nasjonalt. Som breibandsleverandør skårar Tussa på same nivå som store, nasjonale breibandsleverandørar. Når det kjem til IT-tenester ligg Tussa i teten. Med ein totalskår på 80 er Tussa som IT-leverandør betre enn snittet på landsbasis, som er 78.
 
- Det er svært gledeleg å registrere at Tussa, som eit regionalt selskap, leverer IT- tenester som er konkurransedyktige med store, nasjonale IT-leverandørar, seier Driveklepp
 

Viktig å vere konkurransedyktig

Når det kjem til spørsmålet om Tussa sine produkt og tenester er konkurransedyktige i forhold til andre leverandørar, er det delte meiningar blant kundane. Der IT-kundane i stor grad meier at Tussa er konkurransedyktig, er breibandskundane meir i tvil.
 
- Ikkje unaturleg, kommenterer Driveklepp og forklarar at for IT-tenester så hentar bedriftene gjerne inn tilbod frå fleire leverandørar, og får det svart på kvitt at Tussa er konkurransedyktig på pris. Når det kjem til breiband, så har mange bedrifter ikkje fleire fiberleverandørar å velje mellom, og dei har difor ikkje i like stor grad oversikt over prisane.
 
- Tussa har i dag ein marknadsdel på ca. 50 prosent i bedriftsmarknaden på søre Sunnmøre, og vi kan forsikre om at vi følgjer prisutviklinga i marknaden tett. Vi legg stor vekt på å vere konkurransedyktige både i bedrifts- og privatmarknaden, seier Driveklepp.