(09.09.2019)
 

Tussa med høgaktuell energikonferanse

Vindkraft, vasskraft og kjernekraft var noko av innhaldet på Tussa si energikonferanse torsdag. Årets konferanse var nummer sju i rekkja, og sette søkjelyset på dagsaktuelle tema som IT-sikkerheit, fornybar energi, kraftprisar og miljø.

- Vi meiner det er viktig å setje energi på dagsorden, og vise kundane våre kva moglegheiter som ligg i ny teknologi og fornybar energi. Vi er opptekne av å vere ein relevant og viktig lokal aktør i omstillinga til fornybarsamfunnet. Det handlar om å tenkje nytt og sjå moglegheitene, og vi vil gå inn i denne spennande framtida saman med kundane våre, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.
 
Saman med eit knippe dyktige føredragshaldarar arrangerte Tussa ei vellukka energikonferanse torsdag 5. september. Frå venstre Lene Westgaard-Halle, Per-Are Sørheim, Olav Botnen, Evy Brandal, Hallvard Almestad, Margrete Heltne Hovde, Steinar Hauge og Sunniva Rose.
 
Viktig møteplass for bedriftene på søre Sunnmøre

Tussa si årlege energikonferanse har utvikla seg til å bli ein viktig møteplass for bedriftene på søre Sunnmøre. Målet med konferansen er å gi deltakarane ny kunnskap, informasjon og ein uformell møteplass.

- Det har vi lukkast godt med, og det er gledeleg å sjå at besøket har vore godt, og veksande, dei sju åra vi har heldt på, seier salssjefane i Tussa, Margrete Heltne Hovde, Steinar Hauge og Norodd Dyrhovden.

Nye krav til næringslivet

I år var det politikar Lene Westgaard-Halle i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget som opna konferansen. Ho fortalde frå klimaarbeidet på Stortinget, og kunne røpe at næringslivet kan vente seg nye krav i tida framover. Dette er til dømes krav om mindre utslepp i transportsektoren, sokkelen og industrien.

- Elektrifiseringa av transport, sokkel og industri er så vidt i gang, og vil krevje mykje elektrisk kraft. Det er ikkje nok med vasskraft, vi har også bruk for vindkraft, sa Westgaard-Halle, og peika på vindmøller til havs som eit område som kan gi moglegheiter for næringslivet på Vestlandet framover.

*
- Havvind kan verte eit nytt industrieventyr for Noreg, meinte Westgaard-Halle og peika på at den maritime kompetansen på Sunnmøre kan verte sentral i utviklinga av havvind.
 
Høgare kraftprisar
Marknadsanalytikar Olav Botnen i Wattsight tok føre seg forventningane til kraftprisane og spådde eit løft i prisane i åra som kjem. Ny vindkraft kjem inn i marknaden, men som følgje av nye utanlandskablar, nedbygging av kol- og kjernekraft i nabolanda våre og utbygging av eit sterkare kraftnett mellom nabolanda trur Botnen at prisane likevel vil auke. Han meiner tida difor kan vere god for bedrifter å inngå langsiktige kraftavtalar.
 
 
Vasskraft + kjernekraft = ?

Kan kjernekraft vere med på å gjere oss grønare, var tema for kjernefysikar Sunniva Rose sitt føredrag. Ho har forska på korleis vi kan redusere menga av radioaktivt avfall med 90 prosent ved bruk av thorium i kjernekraftverk. Ho tok eit oppgjer med fleire myter om kjernekraft i innlegget sitt, og kunne avkrefte den eine etter den andre av dei.

Rose kunne fortelje at Noreg er eit av dei landa i verda som har størst førekomst av thorium, men lite er gjort for å undersøke energipotensialet i denne ressursen. Ho teikna eit framtidsbilete der kjernekraft frå thorium kan utfylle vasskrafta.

- FN sitt klimapanel ser på kjernekraft som ein del av det grøne skiftet, påpeika ho.

Cyber- og IT-tryggleik
IT-trugslar er dynamiske, og handtering av cyberangrep bør vere enkel rutine. Det er viktig å handtere IT-tryggleik på lik linje med all annan driftsrisiko, var bakteppet for føredraget til Henning Gaalaas i Pedab. Pedab har over lengre tid hatt eit godt samarbeid med Tussa mellom anna om produkt innan IT-sikkerheit. Gaalaas kunne fortelje at trenden er stadig fleire angrep på bedrifter sine IT-system. Og til skilnad frå angrep for nokre år sidan, der innbrotet var lett å oppdage, kan det i dag ta svært lang tid før IT-angrep vert oppdaga.
 

- Og åtakarane er like mykje ute etter dei små bedriftene som dei store, sa Gaalaas og fortalde vidare at dei gjer grundig forarbeid. - Dei brukar tid på å bli kjent med tilsette i verksemda ved å søkje dei opp på sosiale media. Når dei går til angrep skjer det til dømes i form av eit vedlegg i ein e-post, fortalde han og viste eit døme der ei verksemd hadde hatt ute stillingsannonse, og ein tilsynelatande søkjar på stillinga sendte CV som vedlegg i ein e-post. Då vedlegget vart opna fekk åtakarane tilgang til verksemda sine data.

- Cybersikkerheit må på leiaragendaen, råda Gaalaas til.
 
Kraft og krabbe
Tradisjonen tru vart Energikonferansen Kraft og krabbe avslutta med skalldyrbuffet frå Kokk´n Roll.