(04.11.2019)
 

Tussa med første plusskunde på solstraum

Når Hareid Group sitt solcellepanel produserer meir straum enn dei nyttar sjølv, kjøper Tussa overskotskrafta. Den nye plusskundeavtalen mellom selskapa inneheld både ei leveringsavtale på straum frå Tussa, og ei avtale om at Tussa kjøper overskotskrafta som Hareid Group produserer på solcelleanlegget sitt.

For Tussa er dette eit nytt tilbod til innovative bedriftskundar, som vi ser eit stort potensiale i.

- Vi forventar at det kjem til å bli større pågang framover frå kundar som ønskjer å installere solcelleanlegg og produsere sin eigen straum. Smarte energiløysingar som er gode for miljøet er lønsamt og gir auka konkurransekraft, seier Margrethe Heltne Hovde, salssjef energi i Tussa.

Ho er glad for at Hareid Group, som var tidleg ute med solceller, har valt Tussa som kraftleverandør dei neste to åra. Hareid Group har i dag 1000 solcellepanel montert på administrasjonsbygget sitt på Hareid. Anlegget kan mellom anna utvidast med moglegheit for å lagre solenergien i batteri.
 
Foto: Hareid Group har 1000 solcellepanel på administrasjonsbygget sitt på Hareid. Her er Tussa sine energiseljarar Margrete Heltne Hovde og Mari Kristine Sæther saman med Ronald Dyrhol og Trond Welle i Hareid Group.