(27.02.2019)
 

Tussa kjøper Kvalsvik Elektro

Tussa Installasjon AS har inngått avtale om å kjøpe Kvalsvik Elektro AS i Fosnavåg.

Tussa kjøper Kvalsvik Elektro
Tussa Installasjon er den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, med 90 tilsette fordelt på avdelingar i Ørsta og Ulsteinvik. Oppkjøpet av Kvalsvik Elektro vil styrke selskapet sin lokale posisjon, og kjem som følgje av etterspurnad i marknaden.
 
- Vi er godt fornøgde med at Tussa Installasjon kjøper Kvalsvik Elektro. Tussa Installasjon er eit solid selskap som står for kvalitet. Vi har tillit til at dei vil vidareutvikle dei gode kundeforholda vi har etablert. Vi er også glade for at våre tilsette kjem inn i ei stor og framtidsretta verksemd, som tek godt vare på medarbeidarane og som er opptekne av kompetansebygging og innovasjon, seier Helge Kvalsvik i Kvalsvik Elektro.
 
Gunnar Slettestøl, som har vore dagleg leiar i Kvalsvik Elektro, vil halde fram som avdelingsleiar i det som no vert Tussa Installasjon avdeling Fosnavåg.
 
- Kvalsvik Elektro har skapt gode resultat, og vi tek over eit sterkt selskap med flinke tilsette, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon. Han ser store fordeler ved at selskapet etablerer seg i Herøy.
 
- Marknaden i Herøy er interessant for oss, og vi ser fram til å kome nærare både eksisterande og nye kundar. No kan vi hjelpe kundane våre raskare, det blir kortare reiseveg og vi kan følgje opp prosjekta tettare, seier han.