(29.03.2019)
 

Tussa inviterer til gratis temakveld med Barnevakten

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Det er tema når Tussa inviterer foreldre og barn til temakveld om barn og mediebruk.

Barn og unge sin mediebruk har endra seg mykje siste åra. Barna brukar nye og andre media, dei sosiale rammene rundt bruken er endra, og tidsbruken har auka kraftig. Dei nye medievanane gir nye moglegheiter for utvikling og læring, men også nye utfordringar. Ikkje minst stiller det nye krav til foreldra, som skal rettleie og hjelpe barna til å bli trygge brukarar av internett.
 
Bidrag til sunn oppvekst
Som lokal breibandsleverandør tek Tussa samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge i lokalmiljøet. I samarbeid med Barnevakten inviterer Tussa til temakveldar i alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre.
 
- Vi vil gi informasjon og oppmuntre foreldra til å ta del i barn og unge sin mediekvardag. Barnevakten er kjent for det store engasjementet sitt for nettvett, og dei held rundt 900 føredrag i året på skular og barnehagar. Skulane i området vi har vore i kontakt med er svært positive til opplegget, og vi er glade for det gode samarbeidet vi har fått til både med skulane og Barnevakten. No håper vi mange nyttar seg av tilbodet og kjem, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Nokre viktige tema som blir gått igjennom på føredraga:
Fakta om mediebruk, nettmobbing, sosiale media, medieskapt utsjånadspress, foreldrerolla, gleder og utfordringar, speling og e-sport, grensesetjing, skjermtid og aldersgrenser.
 
Datoar:
8. april kl. 18.00: Kulturhuset i Ørsta kommune
9. april kl. 18.00: Amfiet på Øyra skule i Volda kommune
10. april kl. 18.00: Fiskå ungdomshus i Vanylven kommune
11. april kl. 18.00: Konserthuset i Fosnavåg i Herøy kommune
6. mai kl. 17.30: Ulstein ungdomsskule i Ulstein kommune
6. mai kl. 20.00: Hareid skule i Hareid kommune
7. mai kl. 18.00: Gursken oppvekstsenter i Sande kommune
 
Temakvelden er gratis og det er ope dør, utan påmelding.