(14.02.2020)
 

Tussa IKT sertifisert til ISO 27001

Tussa IKT har sertifisert seg innanfor ISO 27001, ein leiande standard for informasjonssikkerheit. Sertifikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.

Informasjonssikkerheit er svært viktig i dagens samfunn, der digitale trugslar og svindel mot bedrifter blir stadig meir avansert. Tussa forvaltar store verdiar for kundane og dei forventar at vi har gode system, full kontroll og at vi kan stoppe angrep frå vondsinna aktørar. Kundane ønskjer tryggheit for at vi leverer høg oppetid, at data ikkje blir endra og at data ikkje kjem i feil hender. 
 
Tussa tek dette på alvor, og vi har difor sertifisert oss i ISO 27001. Sertifikatet stadfestar at vi har kontroll, og dette gir tryggheit både for eksisterande og nye kundar. 
 
Best på informasjonssikkerheit
- Ambisjonen vår er å ta rolla som den aktøren som er best kjent for informasjonssikkerheit, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
. Vi har lenge tilbydd sikkerheitstenester, og sertifikatet gir oss eit godt grunnlag for å satse enda sterkare på dette. Vi vil no profesjonalisere dei digitale sikkerheitstenestene våre, og utvikle nye tenester som styrkjer kundane si motstandskraft mot digitale trugslar. Prosessen med å sertifisere oss har vore omfattande, men vi ser at dette arbeidet også har gjort oss meir effektive, noko som vil styrke konkurranseevna vår, utdjupar han. 
 
Kontinuerleg arbeid
Trusselbiletet er i stadig utvikling, og Tussa vil ha sterkt fokus på forbetre rutinar, tenester og dokumentasjon fortløpande. Årlege resertifiseringar vil stadfeste om selskapet forbetrar seg.
 
Omfattar både IT og kommunikasjon
Det er selskapet Nemko som har gjennomført sertifiseringa, og det er Tussa IKT sine metodar og prosessar for sikkerheitsleiing som er sertifiserte. Det vil seie Information Security Management System (ISMS), på norsk: Internkontroll for informasjonssikkerheit.
 
Dette omfattar sal, leveranse, drift og brukarstøtte av tenestene innanfor forretningsområda IT og kommunikasjon, og inkluderer både Tussa datasenter, breibandsnettet og lokala i Ørsta, Ålesund og Herøy.
 
Foto: Adm. direktør Ivar Driveklepp og leiar for informasjonssikkerheit Vigleik Hustadnes i Tussa IKT