(17.03.2021)
 

Tussa har fått ny visuell identitet

Tussa lanserer ny visuell identitet for konsernet. Identiteten byggjer opp under Tussa som framtidsretta og miljøvenleg, og skal vere ei felles visuell stemme for alle forretningsområda i konsernet. Logoen har blitt modernisert, vi har fått nye fargar og designelement, og er også i gang med å fornye heimesida.

Den nye visuelle identiteten er utvikla for å samsvare med konsernet sin visjon og mål om at Tussa skal ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Det er det designbyrået Bleed som har utvikla den visuelle identiteten.
 

Viser mangfaldet i Tussa

- Vi er stolte over den nye visuelle identiteten og gler oss til å ta han i bruk. Det har vore viktig for oss å få ein fleksibel identitet som viser mangfaldet i Tussa med dei fire ulike forretningsområda energi, kommunikasjon, IT og installasjon, samstundes som vi snakkar med ei felles stemme. Den nye visuelle identiteten er eit verkemiddel for å styrke Tussa som éin aktør i marknaden, der kommunikasjonen er einskapleg og tydeleg, seier kommunikasjonssjef Ann Kristin Einbu.
 
 
 

Oppfrisking av logo

Logoen er eit av Tussa sine viktigaste identitetselement, og logoen har blitt oppfriska med ny skrifttype og farge. Det er også lansert ein liggande versjon av logoen, og logar for dei ulike dotterselskapa i konsernet. Det legg til rette for meir fleksibel bruk av logoen, på små og store, digitale og trykte flater.
 
 

Designmanual

Den nye identiteten blir tatt i bruk gradvis utover året. Alt nytt materiell skal vere i tråd med ny grafisk profil. Ny heimeside for Tussa er under utarbeiding og vil bli lansert i løpet av 2021.
 
Full oversikt over den visuelle identiteten, logoar og fargar finn du i designmanualen for Tussa. Her er også nedlastbare filer og logoar.
 
 Desingmanual for Tussa