(25.02.2019)
 

Tussa fornyar med Get

Tussa og Get har forlenga partnarskapet, som gir kundane på søre Sunnmøre tilgang til digital-TV, og snart også smarte heimar.

- Vi har hatt eit godt samarbeid med Get i 10 år, og vi er glade for å ha fornya ei langsiktig og strategisk avtale. Vi er stolte over at kundane våre får eit av dei beste TV- og underhaldningstilboda som finst i marknaden. I tillegg har vi inkludert smarte heimeløysingar i avtalen, og ser fram til snart å kunne tilby dette til kundane våre, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Tussa har i dag 10 000 fiberkundar på søre Sunnmøre. Tussa og Get vil samarbeide aktivt, og forventar at partnarskapet vil resultere i positive synergiar. Samarbeidet vil dra nytte av Get og Telia sine milliardinvesteringar i produkt- og tenesteutvikling, og målet er å tilby sterkare produkt til konkurransedyktig pris og topp kvalitet til kundane.
 
Meir kvardagsmagi på søre Sunnmøre
I løpet av året vil Tussa sine kundar få tilbod om den nye TV-plattforma som har fått namnet Get boX. Med den nye TV-boksen har Get ambisjonar om å skape kvardagsmagi i dei tusen heimar gjennom å samle lineær TV saman med strøymetenester frå tredjepartar på ein og same stad. Boksen er også del av den nye, smarte kvardagen. Framover kan familien dimme lyset i stova frå telefonen eller ved å snakke til TVen. Det vil også kome løysingar for smarte brannvarslarar, vassdetektorar, varme og lysstyring for å nemne noko. Det er denne totalopplevinga Tussa og Get skal skape saman.

- Get og Telia er en ny bransjeutfordrar med ein hårete ambisjon om å lage den beste kundeopplevinga i landet. Vi gler oss til å by på det beste tv- og underhaldningstilbodet i Noreg, i kombinasjon med mykje ny teknologi til Tussa sine kundar, seier Torbjørn Aamodt, leiar av Get og Telia Consumer Home.