Aktuelt og media
(21.12.2015)
 

Tussa byggjer ut fiber til Ringstaddalen

Stort lokalt engasjement og dugnadsvilje gir fiber til Ringstaddalen i Ulstein. Ringstaddalen vert pilotfelt for Tussa sin nye dugnadsfiber-modell, der utbygginga er eit samarbeid mellom innbyggjarane og Tussa.

Fiber.jpg
- Dugnadsbasert fiberutbygging gjer at vi kan byggje ut fiber til mindre sentrale strøk, utan at etableringsprisen vert for høg. Dersom alle 24 husstandar i Ringstaddalen tingar fiber, tilbyr vi ordinær etableringspris på 4 990 kroner. Går alt etter planen vil fiberen vere kopla opp til sommaren 2016, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
I Ringstaddalen har Geir Ove Moldskred vore sentral for å få til fiberutbygginga, og Tussa takkar for godt samarbeid så langt. Her er det lagt opp til stor dugnadsinnsats på graving, noko som reduserte kostnadene til ordinær etablering frå 20 000 kr, som først kalkulert, til 4 990 kr.
 
- I dugnadsmodellen er vi avhengige av at aktive grendelag eller eldsjeler tek initiativ. Ringstaddalen vert vårt første dugnadsfelt, og fungerer det godt her vil vi vurdere nye felt, seier Driveklepp.
 
Inviterer til planleggingsmøte
Over nyttår vil Tussa invitere innbyggjarane til planleggingsmøte, og der vert det gitt meir informasjon om utbygginga, graving, kart osv.