(20.08.2019)
 

Tussa byggjer Osdalen kraftverk i Volda

Tussa skal byggje nytt kraftverk i Osdalen i Volda kommune. Kraftverket er planlagt ferdigstilt ved årsskiftet 2020/2021, og skal kunne forsyne om lag 800 husstandar med straum.

Tussa fekk konsesjon på Osdalen kraftverk i 2014. Kraftverket skal utnytte ei fallhøgd på 177 meter. Inntaket blir bygd i elva nedstraums Osdalssætrevatnet. Frå inntaket blir det lagt ei knapt to kilometer lang nedgraven røyrgate til kraftstasjonen, som blir bygd like framom Osdalsgardane.
 
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 4,1 MW, og normal årsproduksjon er berekna til om lag 16 GWh. For å føre krafta ut på nettet skal Tussa leggje ein vel 6,5 kilometer lang straumkabel frå Kalvatn og til Osdalen. Heile prosjektet har ein byggjekostnad på om lag 65 millionar kroner.  
 
Store investeringar i vasskraft
- Vi er glade for å starte bygginga av Osdalen kraftverk. Prosjektet føyer seg inn i rekkja av fleire investeringar Tussa gjer med nybygg og rehabilitering av vasskraftverk. Tussa har i dag 22 vasskraftverk i drift på søre Sunnmøre. Fire av kraftverka ligg i Volda kommune, seier kraftverksjef Terje Myklebust i Tussa. 
Tussa har dei siste fire åra sett i drift tre nye vasskraftverk i Vanylven. I tillegg har det blitt gjort omfattande oppgraderingar ved dei to største vasskraftverka, Tussa- og Åmela kraftverk. Dei neste åra er det, i tillegg til bygging av Osdalen kraftverk, planlagt modernisering og oppgradering av Ulsteindalen kraftverk, Vartdal kraftverk og Bjørdal kraftverk.  
 
Tussa har valt Ose Ingeniørkontor til å gjere den byggtekniske prosjekteringa av Osdalen kraftverk. Volda Maskin AS grev kabelgrøft mellom Kalvatn, Osdalen og Grøndalen. Opshaug Sandtak AS gjer gravearbeidet med røyrgrøft, kraftstasjon og inntak. Det er Brødrene Dahl AS som leverer røyrgate, og Andritz AS er leverandør av turbin, generator og anna elektromekanisk utstyr.
 
Inviterer til ope møte
Ønskjer du meir informasjon om Osdalen kraftverk inviterer Tussa til ope møte om utbyggjinga tysdag 27. august klokka 18 på Kalvatn skule. Målet med møtet er å gi lokalbefolkninga og eigarar av fritidsbustader i området informasjon om prosjektet, og setje fokus på ei sikker prosjektgjennomføring for dei som bur og ferdast i nærleiken.
 
(Foto frå Standal kraftverk)