(21.06.2021)
 

Tussa byggjer nytt forretningsbygg i Fosnavåg

På Mjølstadneset i Fosnavåg kjem Tussa Installasjon sitt nye kontor- og forretningsbygg. Bygget på om lag 1200 m2 vil gi rom for vidare vekst for selskapet og satsinga i Herøy.

Roar Stenersen, Øyvind Kleven og Gunnar Slettestøl på Tussa-tomta
Roar Stenersen, Øyvind Kleven og Gunnar Slettestøl på tomta der Tussa Installasjon sitt nye forretningsbygg kjem
 
Tussa Installasjon har dei siste åra auka aktiviteten i Herøy kraftig, og selskapet ser store moglegheiter i marknaden. Tussa Installasjon er i dag den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.
 
- Dei eksisterande lokala våre i Fosnavåg sentrum har blitt for små og er ikkje optimale for oss og vekstplanane til selskapet. På Mjølstadneset vert vi sentralt plassert, og vi får eit fleksibelt og smart forretningsbygg som vil bidra til positiv utvikling av avdelinga i Fosnavåg. Som eit ledd i satsinga er vi er på utkik etter fleire dyktige medarbeidarar. I tillegg til kontorplassar, garderobar og lager for vår eiga verksemd, kan det også vere aktuelt for Tussa IKT å leige kontorplassar der, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.
 

Tussa vil byggje eit moderne og framtidsretta forretningsbygg som legg stor vekt på miljøvenlege løysingar. Bygget vil mellom anna bli utrusta med solcelleanlegg som vil forsyne lokala med fornybar energi.

Tomta er på 3,2 mål og er kjøpt av Baro Industrieiendom AS, med opsjon på å kunne kjøpe meir areal. Bygget er teikna av Bucci Arkitekter AS.

Byggearbeidet startar i september/oktober, og dersom alt går etter planen skal det vere ferdig i oktober 2022.