Aktuelt og media
(11.10.2013)
 

Tung transport frå Zagreb til Sykkylven

Onsdag 9. oktober kom to store transformatorar til det som skal bli ny transformatorstasjon i Sykkylven.

Dei store trafoane kom sjøvegen frå Amsterdam og vart tekne i land i Ålesund. Deretter gjekk ferda med spesialtransport landevegen til Sykkylven.
 
Trafoane er produserte i Zagreb i Kroatia, og hadde ei transportvekt på 65 tonn, så det er store saker det er snakk om her, seier prosjektleiar i Tussa, Egil Åmbakk.

Trafoane står no i Sykkylven, den eine på hjul ved trafobåsen, og den andre framleis på transportbilen.