Aktuelt og media
(29.03.2016)
 

Tredjeplass i norsk kraftbarometermåling

Tussa sitt kundesenter kom på tredjeplass i ei måling blant norske kraftselskap.

kundesenter.jpg
Kraftbarometeret er ei måling av kundeservice og salseigenskapar hos kraftselskap i Noreg. Kundesenteret til Tussa kom på tredje plass blant dei 48 norske kraftselskapa.
Kriteria dei ulike selskapa vart målte etter var antall sekund svartid, meny i telefonsystemet, kvalitet på kundebehandlar, produktkunnskap, og closing/salsteknikk. Kundesenteret i Tussa scora jamt over særs godt på alle kriteria. Totalt fekk dei 46 av 50 moglege poeng, og du kan sjå poengoversikta under.
Kriterium
Poeng
Tal sekund - svartid
9,4
Meny i telefonsystemet
10
Kvalitet på kundehandsamar
10
Produktkunnskap
9,4
Closing/salsteknikk
7,2
 
Tussa er særs nøgde med resultatet av målinga.
- Vi har stort fokus på at dei tilsette i kundesenteret skal møte dei som ringjer inn på ein god måte. Difor er det veldig kjekt å få full score på kvalitet på kundebehandlarar, fortel sals- og marknadssjef Lise A. Ulstein