(08.12.2017)
 

Topplasseringar for kundesenteret

Tussa kundesenter held fram med å ta pallplasseringar i kraftbransjen sine servicemålingar. To sølv og ein bronse er resultatet i årets målingar utført av Norsk Kraftsalsbarometer.

Tussa kundesenter
I Norsk Kraftsalsbarometer blir 48 kraftselskap i Noreg målt på kundevenlegheit og salseigenskapar, og målinga vert gjort fire gonger i året. Tussa har fått svært høg snittscore både på målepunktet som gjeld kvalitet på kundehandsamar, produktkunnskap og closing/salsteknikk. Det er vi svært godt nøgde med.
 
- Det er svært viktig for oss å yte god service til kundane våre, og det er noko vi har jobba mykje med. Det er gledeleg å no kunne hauste fruktene av dette arbeidet, seier sals- og marknadssjef Lise Ulstein.