Aktuelt og media
(08.11.2013)
 

Tilrår samanslåing av nettselskapa

Styra i Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS har i dag vedteke å tilrå samanslåing av nettverksemdene i konserna og etablering av eit felles nettselskap. Endeleg avgjersle blir tatt i generalforsamlinga i dei respektive selskapa den 20. desember.

Kart konsesjonsområde nytt nettselskap
Kart over konsesjonsområdet for det nye nettselskapet
 
Utgreiinga av ein fusjon mellom nettverksemdene i Tafjord og Tussa starta ved årsskiftet. Bakgrunnen for dette er mellom anna at rammevilkåra for nettverksemdene i Noreg er under endring, med auka krav både til kompetanse, effektiv drift og beredskap. Frå eit samfunnsperspektiv er det uttalt frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) at det bør bli færre og større nettselskap i Noreg.
 
Avgjerda i dei to konsernstyra i dag er basert på ei utgreiing som selskapa har gjennomført i løpet av året. Her har tilsette og tillitsvalde vore aktivt med gjennom deltaking i prosjekt – og arbeidsgrupper. Deloitte AS har i tillegg vore engasjert som rådgjevarar i prosessen. Utgreiinga viser at ein fusjon mellom Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS vil bidra positivt både i forhold til kundar, tilsette og eigarar.
 
Sikrare straumforsyning og redusert nettleige
 
Utgreiinga viser at ein fusjon vil gi eit meir robust selskap og betre forsyningssikkerheit. For kundane betyr dette ein meir stabil straumleveranse med færre og kortare straumbrot.
 
Som følgje av auka investeringar i nettet, innføring av automatiske straummålarar, auka NVE-rente og auka kostnader i sentralnettet, vil nettleiga i Noreg auke i åra framover. Ved ein fusjon av dei to nettverksemdene vil kundar i Tussa Nett sitt forsyningsområde få redusert nettleige på kort sikt, medan kundar i Tafjord Kraftnett sitt forsyningsområde vil oppleve ein liten auke. Dette samanlikna med om dei to nettselskapa ikkje fusjonerer. Som ein konsekvens av synergitiltak og vidare effektivisering vil likevel alle kundane i eit fusjonert nettselskap få redusert nettleige over tid.
 
Sterkare fagmiljø og meir attraktive arbeidsplassar
 
Ei samling av fagmiljøa i selskapa vil sikre meir attraktive arbeidsplassar i regionen. Eit styrkt fagmiljø vil også gi selskapet meir fleksibilitet og kapasitet til å møte dei store utfordringane som bransjen står framfor dei komande åra, både når det gjeld drift, vedlikehald og investeringar i nettet.
 
Høgare avkasting og føreseieleg utbyte
 
Eit felles nettselskap vil gi grunnlag for større finansiell styrke, realisering av synergiar og auka effektivitet. For eigarane betyr dette meir føreseieleg og høgare framtidig avkastning på investert kapital. Eit felles nettselskap vil dessutan vere godt posisjonert for ei vidare strukturell utvikling i regionen.
 
Ved ein eventuell fusjon av nettverksemdene og skiping av eit felles nettselskap vil Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS bli eigarar av det 8. største nettselskapet i landet. Det nye nettselskapet vil bli eit felleskontrollert selskap mellom Tussa og Tafjord, der eigarfordelinga er 53,66 % til Tafjord Kraft AS og 46,34 % til Tussa Kraft AS. Selskapet vil ha om lag 230 tilsette og 61 000 nettkundar i 12 kommunar på Sunnmøre. Dagleg leiing og entreprenørdivisjonen er skissert lokalisert i Ørsta, medan netteigardivisjonen med driftssentral er skissert lokalisert i Ålesund. Det er ein føresetnad at ingen medarbeidarar skal bli sagt opp som ein konsekvens av fusjonen.
 
Endeleg avgjersle om fusjon mellom nettverksemdene i konserna, blir teke i ekstraordinær generalforsamling i selskapa den 20. desember 2013.