Aktuelt og media
(06.06.2016)
 

Tilbake i Tussa kraftverk

I 1959 fekk 18 år gamle Inge Paul Kleppe seg sommarjobb i Tussa. Oppdraget var å rydde skog, for hand, frå Tussa kraftverk på Bjørke til Moltu. Det var friske dagar i fjellet med hardt fysisk arbeid.

Inge Paul Kleppe

Då Inge Paul Kleppe sist var i Tussa kraftverk var ikkje kraftverket ferdigbygd. Arbeidet pågjekk for fullt både inne i fjellet på Bjørke og utanfor, der det mellom anna skulle byggjast kraftlinje. Det var tilfeldigheiter som gjorde at 18 år gamle Inge Paul fekk seg sommarjobb i Tussa.

- Det starta med at far min Brynjulf Kleppe, som var skipper på ferja Eiksund – Rjånes, fekk spørsmål frå Einar Korshamn, som dreiv med stikking og planlegging av kraftlinjer i Tussa, om han kjente nokon som kunne rydde skog til ei kraftlinje som skulle byggast frå Bjørke til Moltu. Det var ikkje lenge før arbeidslaget var organisert, og vi kunne bekrefte til Korshamn at vi var klare. Dei som var med på dette var Sigurd Sandvik, Paul Skogen, Sigurd Hauge, Åsmund Lynge og meg sjølv, fortel Inge Paul Kleppe.

Arbeidet pågjekk sommaren og hausten 1959, og alt som var større enn lyng vart rydda i 30 meter breidde på strekninga. Arbeidet vart gjort manuelt ved hjelp av ryddeøks, handsag, øks og kuttetang.
- Alt unntatt to lerketre i Tjørvåg. Dei vart felt med motorsag, minnast Inge Paul, og fortel vidare at då skogen var rydda, fekk dei vidare arbeid sommaren og hausten 1960 med å grave ned jording på kvar tredje høgspentmast på same strekninga. Buntane med massiv kopartråd vart borne til fjells, og grove ned i om lag 30 meter lengde.

- Det var friske dagar i fjellet med hardt fysisk arbeid. Eg søkte opptak i forsvaret etterpå, og eg var nok i mitt livs beste form. Opptaksprøva gjekk lett, det var nesten så eg var skuffa over at ho ikkje var meir fysisk utfordrande, smiler Inge Paul.

Bustader under arbeidet var brakkeleiren ved Tussafossen, ei hytte fremst i Bakkedalen, stabbur i Rognstøyldalen og Åmdalen og gamleskulen på Håvoll. – Då vi var komne over Vartdalsfjorden budde vi heime. Vi var også med på arbeidet med landtaket av sjøkablane mellom Rjånes og Eiksund, og eg hugsar ei episode frå dette arbeidet då eg fekk tommelen i klem mellom sjøkabelen og ein stein. Det vart ei svært vond natt, men det gjekk bra med fingeren. Eg kan hugse desse jobbane med berre glede i dag, og har nok gløymt dei tøffe taka, seier Inge Paul.

Tussa kraftverk vart sett i drift i januar 1961.

Ei gruppe får omvisning i Tussa kraftverk. Her på veg inn i kraftstasjonen, som ligg inne i fjellet. Maskinmeister Terje Viddal var guide denne dagen, og dei besøkande var, i tillegg til Inge Paul Kleppe, fire tyskarar busett i Tyskland, USA og Frankrike. 
 
Pastellfargane i kraftstasjonen kan sporast tilbake til oppgraderinga som vart gjort på -90 talet. No vert det planlagt ny oppgradering av kraftverket. 
 
Inge Paul Kleppe arbeidde med mellom anna skogrydding under anleggstida, og han minst det harde arbeidet med glede. Sist han var inne i kraftstasjonen var i 1960, og då såg det ut som på fotoet under.
 
Fylkestinget på synfaring i stasjonshallen 250 m inne i fjellet. Turibnmontasje i Tussa Kraftverk i 1960.
Foto: Kornberg
 
Anleggsarbeidet på Bjørke tok til i februar 1958. Biletet syner anleggsbrakka og entreprenør Selmer sine bygg på Bjørke. Vegen vart bygd av tunnelmasse. Biletet er truleg teke sommaren 1958. Foto: Kornberg.