(07.08.2018)
 

Ta sjansen 25. august!

Meld dykk på Ta sjansen på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik 25. august!

 

Bli med på årets store sjøslag i Ulsteinvik!

 
Samle arbeidskollegaer, lagkameratar, venner og familie og bygg den kulaste, artigaste, raskaste eller galnaste båten som nokon gong har delteke på Trebaatleikane!


Utfordre andre lag eller bedrifter og vis kven som rular! Meld dykk på i dag!

 

Einaste krav til båten er at den må kunne flyte, og at den er maksimalt 1,20 meter brei og maksimalt om lag 2 meter lang.

 
Mykje moro og flotte premiar til raskaste båt, flottaste båt - og sjølvsagt; Fiaskoprisen!
 
Ta Sjansen 2018 er sponsa av Tussa
www.facebook.com/trebaatfestivalen/