Aktuelt og media
(26.06.2017)
 

Strøymer video i beste HD-kvalitet

Ei måling gjort av Google syner at Tussa hevdar seg godt blant internettleverandørane i området. Av alle videoar som Tussa-kundane strøymer frå YouTube, vert rundt 95 % strøymde i full HD-kvalitet.

Tussa-kundar strøymer i HD-kvalitet
- Det er mange faktorar som påverkar videokvaliteten på det du strøymer. Ein av dei er kva internettleverandør du har, innleier Google i sin videokvalitetsrapport som ligg tilgjengeleg på internett. Her kan du enkelt sjekke ytinga til internettleverandørane i kvar kommune. Tussa kjem godt ut samanlikna med konkurrentane i alle kommunane på søre Sunnmøre.
 
Høg hastigheit og få feil
- Gledelege tal, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i ein kommentar. Han forklarar at det er tre hovudgrunnar til at ein så stor del av videoinnhaldet kundane strøymer er i HD-kvalitet.
 
- For det første leverer vi breiband med høg hastigheit til kundane våre. For det andre så har vi lite feil og breibandet fungerer som det skal. For det tredje har vi gode samband ut av området vårt, til det regionale og nasjonale fibernettet, seier Driveklepp.
 
Han fortel at Tussa si fiberutbygging held høgt tempo, og at etter kvart som nye kundar blir kopla opp på fiber, vil tala styrke seg enda meir.
 
YouTube på strøymetoppen
Google si videoteneste YouTube er ekstremt populær med over ein milliard brukarar på verdsbasis, som konsumerer over ein milliard timar med innhald kvar dag. Ser vi på Tussa sin samla internettrafikk utgjer strøyming 55 prosent, medan 25 prosent av internettrafikken er surfing på nettet, inkludert å sjekke e-post og bruke sosiale media.
 
- Pila peikar oppover. Vi ser at kundane våre strøymer meir og meir TV- og videoinnhald. Det breibandsnettet vi byggjer ut er godt rusta til å handtere den vidare forbruksveksten som er forventa og vil kome, seier Driveklepp.
 
I Google sin kvalitetsrapport kan du søke etter breibandsleverandørar i di kommune. Her er resultatet for Tussa i Herøy kommune og Volda kommune.

Lenke til Google sin videokvalitetsrapport: https://www.google.com/get/videoqualityreport/