Aktuelt og media
straumens dag dokumentbanner.jpg
(18.01.2016)
 

Straumens dag

Straum gir oss lys, varme og opplevingar døgnet rundt - heile året. Straum er viktig i dag, og blir enda viktigare i morgon. Difor markerer vi Straumens dag både i Noreg og resten av Norden 23. januar.

Har du tenkt over at utan straum ville vi verken hatt mobiltelefon, elektrisk oppvarming, opplyste gater eller moderne sjukehus? Og at fornybar, utsleppsfri kraftproduksjon er ein viktig del av klimaløysinga? Over heile verda vert det investert i fornybar energi for å redusere fossile utslepp.

Visste du forresten dette?
  • Norske forbrukarar kjøper over 10 millionar elektriske apparat kvart år
  • 98 prosent av norsk straumproduksjon kjem frå klimavenleg vass- og vindkraft
  • Det kostar under fem kroner i året å lade ein smarttelefon to timar kvar einaste dag
  • Det norske kraftnettet er så langt at det rekk nesten åtte gonger rundt ekvator
  • 15 000 menneske jobbar kvar dag for å sikre at vi får den straumen vi treng
Kjelde: Energi Norge