(20.03.2017)

Kos med vaflar og kakao i Tussateltet

Kjekke ungdommar frå Ørsta IL Alpin klare for å ta med seg barna på svingekurs i barnebakken
Strålande Tussa skidag
Sol, nysnø og påskestemning i bakken! Det vart ein strålande Tussa skidag på Ørsta skisenter 18. mars.
18. mars inviterte Tussa kundane til skidag på Ørsta skisenter. Laurdag rann med sol og nysnø, og Ørsta skisenter bydde på gode forhold og nytrakka løyper både i slalåmbakken og langrennsløypene.
Mange kundar møtte opp denne dagen, og kosa seg i bakken saman med oss. Mange nytta høvet til å få kursa seg i smøring av langrennsski med Jarle Sandbakk, eller få instruksjon i langrennsteknikk av Bjørnar Øye i Hovdebygda IL Langrenn. I barnebakken var Ørsta IL Alpin i full sving med ungane, og lærte frå seg slalåmteknikk før det var uhøgtidleg slalåmkonkurranse for barna.
Tusen takk for ein strålande dag!

Kos med vaflar og kakao i Tussateltet

Kjekke ungdommar frå Ørsta IL Alpin klare for å ta med seg barna på svingekurs i barnebakken


Jarle Sandbakk har rigga seg til og er klar for smørekurs

Har du desse tre, så er du godt hjelpt, meiner Jarle Sandbakk

Du kan sjå enno fleire foto frå dagen på www.facebook.no/Tussa