(26.05.2021)
 

Strålande framtid for solenergi

Solenergi er den energikjelda i verda som veks fortast. Sjølv om solenergi berre er ein liten del av kraftproduksjonen i Noreg, er den likevel den kraftproduksjonsteknologien som veks raskast. Tussa Installasjon har bygd seg opp solid kompetanse innan solenergi lokalt, og merkar at veksten er reell også på Sunnmøre.

Solkraft er ei rein, lett tilgjengeleg og fornybar energikjelde som er i vekst på Sunnmøre. Biletet er frå taket på den nye brannstasjonen i Herøy, der Tussa Installasjon har montert solcelleanlegg på 450 m2.

Betre teknologi, lågare produksjonskostnader og aukande etterspurnad etter fornybar energi har gjort solenergi til ei stadig meir attraktiv energikjelde. Også i Noreg er det nok sol til at det er fornuftig å byggje ut solcelleanlegg. I følgje NVE har undersøkingar vist at produksjonen frå solceller i Noreg er på same nivå som fleire andre stader lengre syd i Europa.

Solskinshistorie for Høgskulen i Volda

Tussa Installasjon har levert solcelleanlegg til både privatkundar og næringskundar på Sunnmøre. Det førebels største anlegget er på Høgskulen i Volda, der 570 panel produserer rundt 100 000 kWh i året. For Høgskulen og Statsbygg er dette ei solskinshistorie. Panela har produsert meir enn anslått, og det har vore stabil drift av anlegget, utan feil og manglar.
 

Høgskulen i Volda og Statsbygg har positive erfaringar
med solcelleanlegg. Her frå Høgskulen i Volda.
 
- Forventningane då vi monterte anlegget i 2017 var at vi skulle klare å dekkje kostnadene med etableringa, og helst få eit overskot. Prognosane i forprosjektet var om lag 100 000 kWh i året. Det har blitt produsert mellom 120 000 og 135 000 kWh, og det er vi svært godt fornøgde med. Eg kallar dette ei gladsak for Høgskulen og Statsbygg i Volda, seier Frank Lande, driftsleiar i Statsbygg.
 

Energieffektivisering viktig

For Statsbygg er energieffektivisering noko dei jobbar med kvar dag, både i eksisterande bygningsmasse og ved nybygg. No er eit nytt bygg under oppføring på Høgskulen i Volda, der solceller er ein del av leveransen frå Tussa Installasjon.

- Sivert Aarflot-bygget skal ferdigstillast og overleverast til Statsbygg i slutten av juni, og som leigetakar skal Høgskulen i Volda ta det i bruk samtidig, fortel Lande.

Hjelp til å nå klimamål

Tussa Installasjon oppleverer at solenergi er inkludert i stadig fleire nybygg, slik som det er på Høgskulen i Volda. Også blant privatpersonar er interessa veksande.
 

- Solenergi har fleire føremoner, og kan bidra til at verksemder når mål om energieffektivisering, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

- Solenergi har fleire føremoner utover å vere ei klimavenleg energiform som ikkje medfører naturinngrep. Det er ein relativt enkel installasjon utan behov for graving eller sprenging. Det er også minimalt med driftskostnader og vedlikehald dei neste 20-30 åra etter installasjon. Vidare kan solenergi bidra til at verksemder når mål om energieffektivisering, nullenergihus og plussenergihus, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Mange lokale prosjekt

Herøy brannstasjon og Ulsteinvik barneskule er to av prosjekta som Tussa nyleg har levert solceller til. På Herøy brannstasjon dekkjer anlegget 450 m2 av taket, og består av 264 solcellepanel med ei effekt på 320 W pr. stk. Det er forventa ein årleg kraftproduksjon på om lag 58 000 kWh. Barneskulen i Ulstein får 142 solcellepanel på taket, med ein forventa årleg kraftproduksjon på 27 000 kWh. Det er også døme på leilegheitsbygg som vert ført opp med solcelleanlegg, og Tussa Installasjon er også i gang med å montere solceller på sine eigne forretningsbygg.
 

Tussa Installasjon har mange lokale solcelleoppdrag. Her er Tommy Gjerde og Gard Eikrem i gang med å montere solceller på Herøy brannstasjon.
 

Avtale med Solar

Tussa Installasjon har inngått ei klima- og energipartnaravtale med Solar, som gir Tussa tilgang til Solar sin kompetanse, breie produktsortiment, i tillegg til kurs og kompetanseutvikling. Tussa skal tilby framtidsretta og miljøvennlege tenester til kundane, og avtalen med Solar er ein lekk i det. I tillegg til å tilby solcelleprodukt, leverer Tussa Installasjon også ladestasjonar for elbil, smarthusløysingar og alle andre typar installasjonstenester.