(20.03.2018)
 

Store og små kosa seg med skidag på Bondalseidet

Det vart nok ein strålande Tussa skidag på Ørsta skisenter 18. mars.

I helga gjentok vi suksessen frå i fjor og inviterte straum- og breibandskundane våre til skidag på Ørsta skisenter. Ørsta skisenter bydde på gode forhold og nytrakka løyper både i slalåmbakken og langrennsløypene.
 
Nær 200 hadde meldt seg på Tussa skidag, og kosa seg i bakken saman med oss. Fleire nytta høvet til å få kursa seg i langrennsteknikk av Bjørnar Øye i Hovdebygda IL Langrenn. Med kyndig instruksjon i både klassisk- og skøyteteknikk fekk vi gode tilbakemelding frå dei som deltok. 
 
I barnebakken var Ørsta IL Alpin i full sving med ungane, og lærte frå seg slalåmteknikk før det var  slalåmkonkurranse for barna. 65 born i alderen 2 - 15 år deltok og alle fekk tildelt flotte medaljar.
 
Tusen takk for ein strålande dag. Vi håper de kjem att neste år!
 
 
Synniva Åm Kriken viser stolt fram medaljefangsten
 
Populært med gratis kakao og vaflar:)
 
44 liter kakao og 24 liter vaffelrøre gjekk med på årets skidag
 
Flinke ungdommar (i Orange Vestar) frå Ørsta IL Alpin heldt svingekurs for barna i barnebakken
 
Vi er imponerte over alle dei flinke borna i slalåmbakken
 
Du kan sjå enno fleire foto frå dagen på www.facebook.no/Tussa