Aktuelt og media
(15.12.2015)
 

Stor energileiing-kontrakt for Enøk-senteret

Enøk-senteret skal levere energileiing og enøk-rådgjeving til Asko sine 13 lager i Noreg. - Ei viktig kontrakt for oss, seier dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen.

Kontrakt Asko 11.png

​Asko, Noregs største grossist innanfor daglegvarer, har sett seg ambisiøse klimamål. Gjennom samarbeidet med Enøk-senteret tek dei eit nytt steg mot målet om å verte klimanøytrale innan 2020.

Den treårige avtalen omfattar energileiing og bistand til gjennomføring av tiltak.

- Dette er ei av dei største avtalane Enøk-senteret har inngått, og vi er svært glade for samarbeidet med Asko, seier Paul Rune Ingebrigtsen.

Energileiingprogrammet går ut på å standardisere system og prosessar i bedrifter og slik redusere energibruken, utslepp av klimagassar og andre miljøpåverknader. Styring og drift av tekniske anlegg, som til dømes kjøling og ventilasjon, står sentralt i dette arbeidet. Det same gjer kurs og opplæring av leiing og medarbeidarar.

Kontrakten inneber også generell enøk-rådgjeving, mellom anna innanfor transport. Enøk-senteret var med som rådgjevar då Asko, som dei første i Noreg, fekk støtte frå Enova til å kjøpe tre el-lastebilar.

- Vi ser at det er ein aukande fokus på energieffektivisering i samfunnet, og avtalen med Asko styrker posisjonen vi har fått i marknaden. Vi har dei siste åra knytt til oss viktige kundar både lokalt og nasjonalt, noko som sikrar oss gode prosjekt også i åra framover, seier Ingebrigtsen.
 
Foto: Marius Aarset, Teknisk sjef ASKO konsern og Rune Slenes, prosjektleiar Enøk-senteret