(04.01.2018)
 

Stolt sponsor og støttespelar

Før nyttår signerte Tussa fleire nye sponsoravtalar. Vi har forlenga avtalen med Herøy biljardklubb, held fram samarbeidet med Sunnmøre kammermusikkfestival og støttar barne- og ungdomsaktiviteten i Gursken IL.

Over 100 lag og organisasjonar på søre Sunnmøre og Hornindal får kvart år sponsorstøtte frå Tussa. Den berande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive og levande lokalsamfunn i området vårt. Sponsormidlane blir difor fordelte etter prinsippet litt til mange, i staden for å gå inn som hovudsponsor til nokre få.

Vi minner om fristen for å søke om sponsormidlar frå Tussa, som er 15. januar.