Aktuelt og media
(03.02.2017)
 

Tussa - med KRAFT til å skape fart, spenst, svette og idrettsglede

Denne helga arrangerer Dimna IL NM i friidrett i Ulsteinhallen. Tussa er med som stolt sponsor.

Tussa sponsar NM Ulsteinvik 2017 friidrett.jpg
Dimna IL har i mange år vore svært gode på talentutvikling. Dei siste åra har klubben også blitt profesjonelle arrangørar etter at dei i 2015 fekk arrangere NM for junior (UM), og no NM for senior. Vi er stolte av det gode samarbeidet vårt med Dimna IL gjennom mange år, seier marknadssjef Lise A. Ulstein.
 
Å få tildelt NM er eit stort løft både for klubb og lokalmiljø. Desse arrangementa set både Sunnmøre og lokal friidrett på Noregskartet. Tussa er glade for å kunne bidra til slike flotte arrangement.
 
Det store engasjementet vårt for lokalmiljøet, er bakgrunnen for at vi kvart år sponsar lokal kultur og idrett. Vi ønskjer at Sunnmøre skal være ein god plass å bu, og i den samanheng er kultur, idrettslag og arrangement viktige faktorar.
 
Pågangen etter billettar til NM i friidrett har vore stor, og det er difor sett opp ekstra tribunar i Ulsteinhallen. I helga er det tribunekapasiteten til 1100 personar. I tillegg skal Høgskulen i Volda «streame» arrangementet live. For å unngå parkeringskaos blir det sett opp gratis shuttlebussar frå Ulsteinvik sentrum kvar halvtime.
 
Tussa ønskjer alle dei 230 deltakarane, og dei 200 frivillige, lykke til med arrangementet.
 
Info om arrangement og program: www.nmdimna.no