Aktuelt og media
(15.03.2013)
 

Tussaprisen 2013 til Søre Sunnmøre Alpine Redningsgruppe

Tussaprisen vert delt ut til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som merkjer seg ut på ein positiv måte og arbeider i tråd med Tussa sine verdiar. I 2013 går prisen til Søre Sunnmøre Alpine Redningsgruppe (SSAR).

Tussaprisvinnar 2013 SSAR_fb.jpg
Odd Staurset og Roar Saure mottok Tussaprisen på vegne av SSAR.
 
Norske alpine redningsgrupper, som SSAR ligg under, har som hovudmålsetjing å arbeide for utvikling og drift av ei effektiv og sikker alpin redningsteneste.
 
SSAR får tildelt Tussaprisen 2013 på grunn av den unike kompetansen dei sit inne med. Solid klatreerfaring, lokalkunnskap, spesialutstyr og metodar tillet rask og sikker evakuering frå bratt terreng, enten dei jobbar åleine eller saman med helikopter.
 
Dette gjer at SSAR er eit viktig supplement og ein ekstra tryggleik for Tussa. Vi har medarbeidarar som ofte er ute på jobb i bratt og ulendt terreng, og SSAR kan rykkje ut på kort varsel dersom ulukka skulle vere ute.
 
Om SSAR
SSAR er ein av tre undergrupper i Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, som igjen er ein av ni grupper i Norske Alpine Redningsgrupper. Dei alpine redningsgruppene blir varsla gjennom lokale lensmannskontor, politikammer eller via hovudredningssentralen. SSAR har base i Ørsta, og har 17 medlemer. Dei er medlem i KARG (kontaktutvalet for alpine redningsgrupper), og har tett samarbeid med ambulansehelikopteret ved Ålesund sjukehus.
 
Sponsortreff på Tussatun: Sponsormottakarar frå Ørsta, Volda, Vanylven, Ulstein, Herøy, Hornindal, Hareid og Sande var samla til treff på Tussatun for utdeling av sponsormidlar 14. mars.
 
Tussaprisen
Tussaprisen vart oppretta og utdelt første gong i 2004.
I 2013 er prisen på kr. 20 000.
 
Følgjande har fått utdelt Tussaprisen tidlegare:
  • 2012 – Volda og Ørsta Heimevernsområde og Sørøyane Heimevernsområde
  •  
  • 2011 – Frivilligsentralane på søre Sunnmøre (Volda, Herøy, Ulstein, Hareid og Hornindal)
  •  
  • 2010 – Runde Miljøsenter, Herøy
  •  
  • 2009 – Hjelpekorpsa på søre Sunnmøre og i Hornindal
  •  
  • 2008 – Far og son Eiksund – Eiksundsamklangen (Ulstein/Herøy/Hareid/Volda/Ørsta)
  •  
  • 2006 – Knut Nærø og Svein Sunde – Eiksundsambandet og Kvivsvegen
  •  
  • 2005 – Mons Sandnes (Vanylven og omegn) – tiltak for funksjonshemma/Monsiaden
  •  
  • 2004 – Merkesteinane (Volda, Ørsta, Vanylven)
  •