(30.09.2019)
 

Spørjeundersøking på e-post

Vi ønskjer å finne ut korleis breibandskundane våre ser på Tussa. I byrjinga av oktober vil Sentio Research difor sende ut ei undersøking på e-post, der vi stiller nokre spørsmål om Tussa.

Tilbakemeldingane er viktige for arbeidet vårt med å hjelpe kundane våre på ein best mogleg måte, og det er av stor betydning for oss at flest mogleg deltek i undersøkinga. Undersøkinga vil vere heilt anonym.
 
Blant dei som svarer trekkjer vi ein vinnar av Premium Wifi, AirTies Air 4920, til ein verdi av 2 999 kr.   
 
E-postane blir sendt til adressa som du har registrert på Di side. 
 
Vi håper du tek deg tid til å svare!