(26.06.2018)
 

Spørjeundersøking

26. juni sendte vi ut ei spørjeundersøking på e-post til eit utval av kundane våre. Undersøkinga gjeld produktutvikling og kva produkt kundane våre ønskjer vi skal levere i framtida. Vi set stor pris på at du svarar på undersøkinga dersom du har fått ho.

Vi i Tussa ønskjer å forstå kva som er viktig for deg som kunde. Spørjeundersøkinga vi har sendt ut handlar om kva produkt og tenester kundane våre ønskjer av Tussa i framtida. Den teknologiske utviklinga gir store moglegheiter for nye produkt og tenester, som kan gjere kvardagen enklare og meir behageleg.
 
Eit utval av kundane våre har fått undersøkinga på e-post, og vi set stor pris på at dei som har fått undersøkinga svarar.
 
Takk for hjelpa!