Aktuelt og media
(13.06.2013)
 

Spesialoppdrag for syngande montør

Roy Muren tok utfordringa då Ivar Aasen-tunet spurte etter montør med songstemme. Frå øvst i ein stolpe i Hovdebygda stemte han i med fleire vers av «Dei gamle fjelli», medan han blei filma.

"Filmsettet" i Ytrehovden
 
Språkåret er midt i opptak av film til Ivar Aasen sitt 200-årsjubileum, og det var i samband med dette at Tussa fekk spørsmål om det fanst ein syngande montør. Språkåret skal filme ulike menneske i ulike yrke og situasjonar, som alle syng same song, «Dei gamle fjelli». Dette skal til slutt klippast saman til ein film.
 
Vi gler oss til å sjå resultatet!
 

Kreativ mikrofonstang for å nå opp i stolpen. Diverre
fungerte det dårleg i praksis.