(06.07.2020)
 

Sommar og lynskadar

Kvar sommar fører lynnedslag til brannar og skadar på elektrisk utstyr i bustader.
Du kan redusere risikoen for lynskadar med enkle tiltak.

Lyn og sommar.jpg
Ut med kontaktane
Før du reiser på ferie eller helgeturar tilrår vi å trekke ut stikkontakten til datamaskiner, stereoanlegg, tv, mobil-ladarar, modem og ruterar.
Fiber: trekk ut støpslet til modemet. Trekk ut støpselet til ONT-boksen (der fiberen kjem inn i huset). Breiband: Trekk ut støpselet til ruteren. Dra ut DSL-kabelen som går til veggen (ofte merka DSL).
 
Enorme krefter er i sving når det lynar. Straumstyrken kan variere frå nokre tusen ampere til 300 000 ampere. Til samanlikning er eit vanleg sikringsskap laga for å tåle straumstyrker frå 10 til mellom 60 og 80 ampere.
 
Overspenningsvern – grov- og finvern
Tussa rår alle bustadeigarar til å montere overspenningsvern. Lynvern er lovpålagt i alle nyare hus. I 2010 vart det påbode med overspenningsvern i sikringsskapet. Dette kan enkelt etterinstallerast dersom du har ein eldre bustad, men arbeidet krev ein autorisert installatør og kostnaden vil vere ca. 2-3 000 kr. Eit overspenningsvern (grovvern) tek unna det verste ved eit lynnedslag.

I tillegg rår vi til å installere eit finvern på det mest følsame elektroniske utstyret ditt som t.d. datamaskin, modem, ruter o.l. Dette må monterast mellom straumuttak og støpsel på t.d. datamaskina og kostar rundt 500-1 000 kr.

Skadar på el-anlegg som følgje av overspenning er ikkje alltid like lett å oppdage. Men dersom du opplever at sikringar og lyspærer går i tide og utide etter eit torevêr, bør el-anlegget kontrollerast av ein autorisert installatør.

Bur du ekstra utsett til for lynnedslag, t.d. på ein open høgde, kan det vere lurt å montere ein lynavleiar. Bruk fagfolk til dette.
 
Du kan kontakte Tussa Installasjon ved montering av overspenningsvern.