(23.11.2018)
 

Søk om sponsormidlar

Tussa er stolt støttespelar til små og store lag og organisasjonar på søre Sunnmøre og Hornindal. Søk om sponsormidlar innan 15. januar.

Det store utvalet av frivillige lag og organisasjonar skaper liv og mangfald i bygdene våre, og gjer dei til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Det ønskjer Tussa å støtte opp om. Vi er til stades på fotballstadion, deltek på lan-party, gir vekk refleksvestar til 1. klassingane våre, og samarbeider med korps, kor og festivalar.
 
Vi engasjerer oss i søre Sunnmøre og er stolt støttespelar til mangfaldet av lag og organisasjonar vi har her.
Fristen for å søkje om sponsormidlar er 15. januar 2019.