Aktuelt og media
(15.09.2017)
 

Smarte straummålarar

I desse dagar er nettselskapa i full sving med å bytte ut dei gamle manuelle straummålarane med nye automatiske målarar. Med ny straummålar går informasjonen om forbruket ditt automatisk til nettselskapet. På Søre Sunnmøre er det Mørenett som har ansvaret for dette arbeidet.

Det er fleire fordelar ved målaren enn at du slepp å lese av forbruket manuelt. Innføringa av automatiske straummålarar er viktig for å betre forsyningstryggleiken i kraftnettet. Nettselskapa vil også kunne hente ut informasjon om spenningsnivå og avdekke jordfeil hos kvar kunde. I tillegg vil kundane få ein korrekt og detaljert faktura.
 
I følgje Mørenett er dei fleste av kundane positive til endringa, men det er også enkelte som er skeptiske. Desse kundane kjem gjerne spørsmål om stråling eller overvaking. Mørenett forsikrar om at det er ingen grunn til å vere engsteleg for den nye målaren. Målaren bruker svært svake radiosignal for å sende målarstanden til nettselskapet. Å stå ved målaren samanhengande i ein månad, kan samanliknast med å bruke mobiltelefon i 30 sekund. Når det gjeld overvaking så er det berre totalforbruket time for time som vert registrert og sendt inn til nettselskapet. Og alle data er krypterte.
 
I Møre og Romsdal samarbeider 10 nettselskap om innføringa av nye målarar. Gjennom alliansen Smart Strøm Nordvest nyttar dei seg av den same teknologien og hjelper kvarandre ved å dele på kostander, kompetanse og ressursar.
 
Har du spørsmål til innføringa av dei nye målarane vil du finne mykje god informasjon på sidene www.sluttpamaset.no
 
Har du anlegg utanfor Møre og Romsdal vil du finne informasjon om prosjektet hos det lokale nettselskapet ditt.