Aktuelt og media
(11.05.2015)
 

Smart Strøm Nordvest signerer avtale med Kamstrup

Smart Strøm Nordvest, som jobbar med utrullinga av nye, automatiske straummålarar til alle nettkundar, har valt Kamstrup som leverandør av nye straummålarar, inkl. kommunikasjonssystem mellom målarar og det sentrale innsamlingssystemet for måleverdiar.

kamstrup-signering-felles.jpg

Smart Støm Nordvest er ein allianse mellom ti nettselskap, mellom dei Mørenett, i Møre og Romsdal. Alliansen er etablert for å ivareta styresmaktene sitt krav om AMS-målarar for alle nettkundar innan 1. januar 2019.

Fredag 8. mai signerte Smart Strøm Nordvest kontrakt med Kamstrup, som skal levere nye målarar og kommunikasjonssystem. I tillegg til å ha konkurransedyktig pris, utmerka Kamstrup seg med ein profesjonell prosjektorganisasjon til å ta ansvar for leveransen. Kontrakten vart inngått etter offentlege anbudsførespurnad og påfølgjande forhandlingar. Dette melder Smart Strøm Nordvest på nettstaden smarthub.no.

Når det gjeld val av installatør av målarane, vert ikkje dette klart før i oktober 2015. Ein er midt i anbodsrunde for dette arbeidet.

Byter ut 150 000 målarar

I løpet av perioden 2016 til 2018 skal om lag 150 000 straummålarar bytast ut med smarte målarar i områda til dei ti nettselskapa som samarbeider i Smart Strøm Nordvest. Det vert gjennomført pilot i to nettområde i andre kvartal 2016, som vil omfatte om lag 1000-2000 målepunkt. Etter gjennomført pilot vert det ei evaluering før hovudutrullinga tek til i tredje kvartal 2016.

Automatisk målaravlesing

For nettkundane vil nye målarar bety at dei slepp å lese av straumforbruk, og at det straumforbruket som står på fakturaen vil vere nøyaktig det som kunden har brukt. I tillegg vil dei nye målarane gi kundane moglegheit til å styre straumforbruket gjennom tilgang til måleverdiar via eit grensesnitt på målarane. Etablering av eit slikt grensesnitt ligg også i kravet frå styresmaktene.

Får informasjon før installering

Før målaren vert skifta ut vil nettkundane få skriftleg informasjon frå nettselskapet sitt om korleis målarskiftet vil gå føre seg, kva kunden må førebu, føremonar med dei nye målarane, tidspunkt for målarbyte m.m.

Finansiert over nettleiga

Byte til nye straummålarar vert finansiert over nettleiga, og kostnaden vert fordelt over fleire år.

Nettselskapa i Smart Strøm Nordvest

Nettselskapa som er med i Smart Strøm Nordvest er Istad Nett AS, Mørenett AS, Nesset Kraft AS, Nordmøre Energiverk AS, Nordvestnett AS, Rauma Energi AS, Sandøy Energi AS, Stranda Energi AS, Sunndal Energi KF og Sykkylven Energi AS.

Foto: Signering av kontrakt med Kamstrup på Alexandra Hotell i Molde fredag 8. mai kl. 10.