(26.08.2019)
 

Sluttspel i Tussaligaen

24. og 25. august var det finalespel i Tussaligaen i Ørstahallen. Over 200 lokale ungdommar har konkurrert i dei tre populære dataspela FIFA, Rocket League og CS:GO denne sesongen, og no er vinnarane kåra.

Det var jamne og spennande finalekampar då første sesong i søre Sunnmøre sin e-sportliga vart avslutta denne helga. I Ørstahallen hadde Tussaligaen rigga seg opp med utstyr og skjermar, og inviterte spelarar og publikum til semifinale og finale. Mange tok turen for å sjå, og enda fleire følgde kampane på Tussaligaen sin Twitch-kanal. Der vart alle kampar strøyma direkte, med kommentatorar.
 
Publikum og spelarar på plass. (Alle foto: Kevin Andre Bøe)
FIFA-siger til Hareide
I FIFA sto oppgjeret til slutt mellom 24 år gamle Emil "Hareidez" Vartdal Hareide frå Hareid og 34 år gamle Roy Cato "Dimna IL" Pedersen frå Ulstein. Det var Hareidez som vann den avgjerande kampen, og fekk ta i mot pokalen for førsteplass i Tussaligaen sesong 1. I tillegg vinn han utstyrsgåvekort, reisegåvekort og billettar til finalen i Telialigaen.



Emil "Hareidez" Vartdal Hareide og , vinnar av FIFA 19. Under saman med 2. plass i FIFA, Roy Cato "Dimna IL" Pedersen.
Rocket League-siger til Herøylag
I Rocket League var det Herøylaget Metizport og Ulsteinlaget Czar som møttest i finalen. Det var Metizport som stakk av med førsteplassen etter ei spennande finale! Dei vann billettar til finalen i Telialigaen, reisegåvekort og utstyrsgåvekort.
På Metizport spelar (inkludert innbytarar som ikkje er med på biletet) Einar "Einor" Sindri Einarsson, Peter "Tricky" Skorpen Skår, Teodor "Teodor0370" Myklebust, Sigvald "Dope4Fly" Remøy Smådal og Sølve "Bolle" Myklebusthaug. Spelarane er mellom 12 og 23 år gamle.
På Czar spelar Tobias "Bandit" Skotheim og Alexander "Podd" Indreflø, 27 og 26 år gamle.
Ekstrarunder i CS:GO
Søndag var det semifinale og finale i CS:GO. Det var duka for nervepirrande og jamne kampar, der favorittane Metizport og Barne$kirenn til slutt møttest til finalespel. Etter to kampar låg dei likt, og det måtte ein ekstra kamp til for å avgjere sluttspelet. Barne$kirenn var hakket betre denne dagen, og fekk førstepremie i Tussaligaen denne sesongen, som er billettar til finalen i Telialigaen, reisegåvekort og utstyrsgåvekort.
Barne$kirenn består av (inkl. innbytarar som ikkje er med på biletet): Martin "Ionic" Vik frå Volda, Oscar "Oskar" Aglen frå Ulstein, Philip "Phavela" Overvåg frå Ulstein, Håvard "Supermoen" Berge Moen frå Vanylven, Ingebrigt "SpeCtr" Ulstein frå Ulstein, Mats "Braun" Brun frå Ulstein og Magnus "meph" frå Ulstein. Alle er mellom 18 og 22 år gamle.
 
På Metizport spelar (inkludert innbytarar) Martin Leander "MartiniS" Myklebust frå Ulstein, Eldar "Djupvik" Djupvik Johansen frå Herøy, Peter "Usuccbacca" Flusund Jøsokbakke frå Ørsta, Vidar "BJORK" Bjørkedal frå Ørsta, Chinnawat "EvilChinnawat" Apiwang, Sivert "Putz" Djupvik frå Ulstein og Jonas "JoVo" Volle Åkre. Alle er mellom 17 og 19 år gamle.
Stort engasjement blant ungdommen
Tussaligaen har sidan lanseringa tidlegare i vår vekt stort engasjement blant lokal ungdom og spelinteresserte. Over 200 meldte seg på første sesong, og mange har engasjert seg frivillig med å strøyme og kommentere kampar, og bidra på andre måtar. E-sport er ein idrett og fritidsaktivitet i vekst, ikkje berre internasjonalt og nasjonalt, men også lokalt her på søre Sunnmøre.
- Vi ser fram til å skape ein arena på søre Sunnmøre der lokale spelinteresserte kan møtast for å konkurrere. Vi har eit ønskje om at e-sport skal stimulere til god spelkultur og samhald, og etter kvart bli ein velorganisert breiddeidrett i området vårt, sa Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT under lanseringa av Tussaligaen.
For Tussa er e-sport eit naturleg område å engasjere seg i. Tussa er breibands- og IT-leverandør, og har mange medarbeidarar og kundar med stor interesse for e-sport. Tussa bidreg til samfunnsutviklinga på søre Sunnmøre, og som lokal sponsor er Tussa kjend for å gi støtte til lag og organisasjonar.
 
Alle kampar vart strøyma og kommenterte på Twitch: https://www.twitch.tv/tussaligaen 
 
Du kan sjå fleire foto frå sluttspelet her: Lenke til album på Facebook