(16.03.2020)
 

Slik får du stabilt nett på heimekontoret

Har du mykje utstyr som er kopla til det trådlause nettet ditt? Her er nokre tips for å få stabilt internett til deg på heimekontor og heimeskule.

Bruk nettverkskabel
Bruk nettverkskabel der du kan for å avlaste det trådlause nettverket ditt. Det vil gi betre stabilitet og fart til einingar der du må bruke wifi. Bruk kabel på ustyr som Apple TV, digital-tv-boksen, smart-tv-en, pc-ar med gamle nettverkskort og spelkonsollar som Playstation, Wii, Nintendo etc. Har du ein eller fleire pc-ar som vert brukt til heimekontor og heimeskule bør du kable desse om du kan.
 
Premium Wifi
Du kan også utvide det trådlause nettet ditt med forsterkar eller Premium Wifi, som er eit mesh-nettverk. Du vil då få betre rekkevidde på det trådlause nettet ditt, og oppnå betre dekning i bustaden.