(23.09.2020)
 

Sju skular får støtte til nettvettføredrag

Sju skular på søre Sunnmøre har fått støtte til nettvettføredrag med Barnevakten. Neste søknadsfrist er 31. januar 2021.

Skulane som fekk støtte er: Dalsfjord skule, Folkestad skule, Bergsøy skule, Leikanger skule, Stokksund skule, Hareid skule og Vikemarka skule.  

Samarbeid med Barnevakten 

Tussa ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge i området. Difor har Tussa inngått eit samarbeid med Barnevakten, og dekkjer utgiftene for inntil ti skular i året, fordelt på vår- og haustsemesteret. 
 
 
​Nokre viktige tema som blir gått igjennom på føredraga er: Fakta om mediebruk, nettmobbing, sosiale media, medieskapt utsjånadspress, foreldrerolla, gleder og utfordringar, speling og e-sport, grensesetjing, skjermtid og aldersgrenser.
 

Nye utfordringar med digital kvardag

Samfunnet vårt har den siste tida vore gjennom store forandringar grunna korona. Nettbruken har auka og den sosiale kommunikasjonen har i enda større grad blitt gjennomført digitalt, noko som har auka behovet for bevisstheit rundt skjermbruk både for barn og vaksne. Dei nye medievanane gir nye moglegheiter for utvikling og læring, men også nye utfordringar. Ikkje minst stiller det nye krav til foreldre, som skal rettleie og hjelpe barna til å bli trygge brukarar av internett.