(10.07.2019)
 

Sjå Tussaligaen live på Twitch

Første sesong av Tussaligaen er i full gang. Kampane strøymer vi på kanalen vår på Twitch.

Den første e-sportligaen på Sunnmøre, Tussaligaen, starta 1. juli. Ligaen samlar spelinteressert ungdom i dei sju kommunane på søre Sunnmøre til konkurranse i spela Rocket League, FIFA 19 og CS:GO. Kvar måndag, tysdag og onsdag er kampdag, og nokre av kampane blir strøyma og kommentert på Tussaligaen sin Twitch-kanal. Det er spelentusiastar som bidreg med strøyming og kommentering av kampane.
 
Følg Tussaligaen på Twitch: https://www.twitch.tv/tussaligaen
 
Første e-sportliga på Sunnmøre
Det var før påske at Tussa gjekk ut med nyheita om lansering av e-sportliga. Interessa for e-sport er i sterk vekst i Noreg. Gjennom Tussaligaen kan lokal ungdom og vaksne konkurrere i utvalde onlinespel. Tussa har eit ønskje om at Tussaligaen skal stimulere til god spelkultur og samhald, og at e-sport etter kvart kan bli ein velorganisert breiddeidrett i området vårt.
 
Dette er e-sport
E-sport, eller elektronisk sport, er konkurransespeling der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike spel på datamaskin eller spelkonsollar. E-sport er i sterk vekst og engasjerer millionar over heile verda. Det har blitt populært å følgje turneringar gjennom kanalar som Twitch og YouTube.
 
I Noreg er e-sport i ferd med å bli profesjonalisert, både gjennom stadig fleire utdanningstilbod på vidaregåande- og høgskular, og ved at store aktørar som til dømes Norsk Tipping og Norsk Fotballforbund engasjerer seg i e-sport.