(31.07.2018)
 

Sjå Saudehornet rett opp direkte

Ønskjer du å følgje Saudehornet rett opp på storskjerm har du moglegheit til det på hotell Ivar Aasen i Ørsta. Motbakkeløpet avsluttar den to veker lange Naturfestivalen, og går av stabelen førstkommande laurdag.

Tussa er stolt sponsor av Naturfestivalen og Saudehornet rett opp, og også i år stiller vi med folk som filmar deltakarane undervegs i løypa og målgangen på toppen av Saudehornet. På hotell Ivar Aasen riggar vi oss til med storskjerm, og inviterer dei som har lyst til å kome og sjå løpet direkte. Magne Johnny Krumsvik er speaker.
 
Naturfestivalen har etablert seg som ein stor friluftsfestival, og festivalen feirar 15 år i år. Aktivitetane er spreidd ut over fleire av kommunane på søre Sunnmøre. Her er det aktivitetar for heile familien, frå friluftsleik i Romedalen, fisking og konsertar til meir krevjande toppturar. 
 
Høgdepunktet for mange er kanskje likevel motbakkeløpet Saudehornet rett opp, der det er løp både for barn, mosjonistar og konkurranseløparar. For mosjonsklassen startar løpet klokka 08.00, konkurranseklassen klokka 11.00. Sjå meir her: http://naturfestivalen.no/
 
Tussa har i fleire år rigga seg til med kamera på toppen av Saudehornet for å filme Saudehornet rett opp.
I fjor var det Gjøran Kvitle og Jarl Vartdal Vinjevoll som filma løpet frå toppen. La oss håpe på betre ver i år!