Aktuelt og media
(20.05.2015)
 

Satsar vidare på fiber

Tussa si utbygging av fiber på søre Sunnmøre har vore særs vellukka. Sidan første spadetak i 2009 har Tussa fått rundt 5000 fiberkundar, og etterspurnaden etter fiber er framleis stor blant privatpersonar og bedrifter på søre Sunnmøre. Tussa har difor bestemt seg for å satse vidare.

_BD_7741low2.jpg
At det er grunnlag for vekst også i åra som kjem er det ikkje tvil om. Både blant bedrifter og privatpersonar aukar etterspurnaden etter fiber.
 
- Folk er mykje meir på nett en tidlegare, og behovet for bandbreidde veks raskt. Trafikken frå strøymetenester som Netflix og HBO er no ein stor del av trafikken på internett. Mange husstandar har 10-20 einingar som er tilkopla internett til ei kvar tid, og for stadig fleire dekkjer ikkje vanleg breiband og mobilt breiband behovet for høghastigheits-internettilgang, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Aktivitet i sju kommunar
Tussa har i dag bygd ut fiber i 90 felt fordelt på alle sju kommunar på søre Sunnmøre. I dag er det størst aktivitet i Volda og Ørsta kommunar, med gravestart i 13 nye felt som skal vere ferdige i løpet av året. På Hareid er det salsaktivitet i sentrum, og i fleire kommunar er Tussa i sluttfasen med installasjon og ferdigstilling. Mange stader er lokalsamfunna svært ivrige etter å få den nye teknologien.
 
- Gjerdsvika er eit godt døme på det, der lokale eldsjeler og stor oppslutnad blant befolkninga gjorde det mogleg å byggje ut fiber. På nettsida vår er det mogleg å melde interesse for fiber, og dette er noko av det vi tek omsyn til når vi planlegg nye fiberfelt, seier Driveklepp.
 
 
Klart for framtida
Det er høghastigheits-internett som er hovudproduktet innanfor fiberpakken Tussa tilbyr. Her kan kundane velje hastigheit heilt opp i 200 Mb/s. Dei aller fleste vel også å kjøpe digital-TV, der Tussa samarbeider med Get. I tillegg er det store moglegheiter i framtidige tenester og produkt som kan leverast gjennom fiber.
 
- Dette kan til dømes vere produkt som Smart-hus-løysingar. For oss er det viktig å følgje den teknologiske utviklinga og tilby tenester som er i tråd med det marknaden etterspør. Vi vil dekkje kundane våre sine behov for framtidsretta, profesjonelle, miljøvenlege og trygge IKT-løysingar, avsluttar Ivar Driveklepp.