Aktuelt og media
(20.12.2012)
 

Prosess for mogleg samordning av nettselskap

Styra i Tussa Kraft og Tafjord Kraft har gitt sin tilslutnad til at det blir sett i gang ein prosess med å sjå på ei mogleg samordning av nettselskapa til Tussa og Tafjord.

Grunnen til ei eventuell samordning av Tussa Nett og Tafjord Kraftnett er framtidsutsiktene til nettselskapa. Politisk er det gitt klare signal om at det er behov for endringar i nettsektoren. Det er fleire vedtekne saker som vil ha konsekvensar for organisering av nettmonopola, mellom dei utrullinga av Smart Strøm (AMS) og mogleg felles regionalnettstariff. Selskapa står også overfor store nettinvesteringar i åra som kjem.
 
Prosessen som blir sett i gang skal mellom anna vurdere om ei samordning vil kunne gi meir effektiv drift. Dersom prosessen viser dette, vil samordninga kunne sikre grunnlaget for utbyte til eigarane, leggje til rette for ei lågare nettleige og gi kundane større leveringstryggleik, enn om partane held fram kvar for seg.