Aktuelt og media
(20.12.2013)
 

Samanslåing av nettverksemda i Tussa og Tafjord

Generalforsamlingane i Tussa Kraft AS og Tafjord Kraft AS har i dag vedteke å fusjonere nettverksemdene i konserna og etablere eit felles nettselskap. Det nye nettselskapet, Mørenett AS, vil ha verknad for rekneskapen frå 1. januar 2014.

Kart konsesjonsområde nytt nettselskap

Fusjonen betyr at nettverksemda i Tussa og Tafjord blir samla i eit felleskontrollert selskap, Mørenett AS. Eigarfordelinga er 53,66 % til Tafjord Kraft AS og 46,34 % til Tussa Kraft AS. Det fusjonerte selskapet skal leiast av Rune Kiperberg, som i dag er adm. direktør i Tussa Nett AS.

- Vi er svært glade over dei positive vedtaka i dag og avtalen vi har gjort. Fusjonen styrkar nettverksemda på Sunnmøre og gjer oss meir effektive og robuste. Samstundes er dei tilsette i begge selskapa godt ivaretekne, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.

- Fusjonen er positiv for kundar, tilsette og eigarar. Vi ser at nettleiga på sikt vil bli lågare i eit felles nettselskap enn om vi skulle halde fram kvar for oss. Vidare styrkar fusjonen fagmiljøa og legg til rette for høgare avkastning for eigarane, seier Erik Espeset, konsernsjef i Tafjord.

Mørenett AS blir det 8. største nettselskapet i Noreg målt etter nettkapital, og vil ha 230 tilsette og 61 000 kundar i 12 kommunar på Sunnmøre.

Tafjord Kraftnett AS eig og driv regionalnettet på nordre Sunnmøre og distribusjonsnettet i kommunane Sula, Ålesund, Giske og Norddal. Tafjord Kraftnett AS har om lag 33 000 kundar.

Tussa Nett AS eig og driv distribusjonsnettet for straum i kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid, i tillegg til regionalnettet i kommunane Sykkylven og Stranda. Tussa Nett AS har om lag 28 000 kundar.