(30.01.2020)
 

Safer Internet Day

Safer Internet Day blir markert 11. februar i svært mange land kvart år. Hensikta er å spreie informasjon om korleis nettet kan bli tryggare og betre for barn og unge. I Noreg blir dagen markert av mellom anna Medietilsynet, Barnevakten og Datatilsynet, som held ulike seminar om temaet. Vi som bur på Sunnmøre kan følgje arrangementa frå godstolen, for dei blir strøyma. Her finn du lenke til og meir informasjon om seminara.