(09.07.2019)
 

Ryddar i Ulstein

Bur du i Ulstein har du kanskje sett sommarvikarane våre Nikolai Yksnøy, Håvard Hundsnes og Daniel P. Aanonsen. Dei har brukt nokre veker av sommarferien til fjerne gamalt utstyr frå områda der vi leverte TV og internett over kabel-TV-nett. No har kundane fått fiber.

Etter at kabel-TV-felta vi hadde i Ulstein, Hareid og Herøy fekk leveranse av fiber, og kabel-TV-nettet vart slått av i desember 2018, har vi no starta oppryddingsarbeidet. Sjølve sentralen vart demontert og flytta før nyttår. No blir også skapa med forsterkarar og splittarar fjerna frå bustadfelta. 
 
Tussa erstatta kabel-TV-nett med fiber hos 1 500 kundar i dei tre kommunane på ytre søre Sunnmøre, og oppryddinga vil skje i alle områda.
 

Håvard Hundsnes ryddar ut av eit forsterkarskap
 

Daniel P. Aanonsen og Nikolai Yksnøy med eit demontert fordelarskap