Aktuelt og media
(18.06.2013)
 

Riving av fjordspennet i Austefjorden

Laurdag vil Tussa rive fjordspennet over Austefjorden i Volda kommune. Vegen mellom Høydalen og Høydalsneset og fjorden vil verte stengt i periodar under arbeidet.

Fjordspennet sett frå Bjørneset
 
Fjordspennet er ein del av 66 kV-linja som går frå Haugen i Ørsta kommune til Leivdal i Eid kommune. Heile linja skal rivast, saman med Straumshamn transformatorstasjon. Linja blei bygd tidleg på 1950-talet, og teknisk levetid på linja er ute. Ho har ikkje vore i drift sidan før orkanen Dagmar i romjula 2011.
 
Arbeidet med å rive linja startar laurdag 21. juni. Då er det dei tre linjene som går over fjorden som skal takast ned. Linja vil bli skoten ned med dynamitt på nordsida av fjorden. Arbeidet skal etter planen vere ferdig søndag morgon.
 
Tussa har leigt inn Ringeriks-Kraft Service AS til å rive linja. Seløy Undervasservice er leigt inn til arbeidet med å rulle inn linja frå fjorden.
 
Stengt veg og fjord 
Fjorden og vegen mellom Høydalen og Høydalsneset vil verte stengt i periodar under arbeidet. Arbeidet er planlagt å starte klokka 8 laurdag morgon.