Aktuelt og media
(10.10.2016)
 

Resultat pr. 2. tertial: 115 mill. kroner

Tussakonsernet har eit driftsresultat på 115 mill kroner pr. 2. tertial 2016, ei auke på 50 mill. kr samanlikna med same periode i fjor. Hovudårsaka til auken er at Mørenett mottek ei harmoni-inntekt som følgje av fusjonen mellom Tafjord Kraftnett og Tussa Nett i 2016. I tillegg har både Tussa IKT og Enøk-senteret hatt positiv utvikling i forhold til same periode i fjor.

 
Last ned tertialrapporten her: Tertialrapport for Tussakonsernet
 
Kraftomsetninga og kraftproduksjonen gir om lag same driftsresultat som i fjor. Akkumulert kraftproduksjon er på 450 GWh, og produksjonen ved utgangen av tertialet er om lag 14 % over normalproduksjonen for perioden. Vassmagasina i Norden er om lag normale for årstida, men ein ser likevel litt ulik fordeling av vatn innanfor dei einskilde prisområda. Gjennomsnittleg spotpris på NordPool pr. 2. tertial har vore 22,8 øre/kWh.
 
Innanfor kraftnett syner rekneskapen for 2. tertial eit driftsresultat på 134,9 mill. kr. Til samanlikning var driftsresultatet i same periode i fjor 39,8 mill. kr. Hovudårsaka til resultatbetringa er ei vesentleg større meldt inntektsramme for 2016 enn det Mørenett hadde på same tid i 2015. Hovudårsaka til dette er at harmoninntekta, som følgje av fusjonen mellom Tafjord Kraftnett og Tussa Nett, er med på inntektsramma for 2016.
 
Forretningsområdet IT har hatt ein omsetningsvekst på 10,7 % samanlikna med 2. tertial 2015. Det er vekst i både handelsvare, konsulenttenester og avtalekundar. Det har ikkje vore nedetid på datasenteret i 2016.
Innanfor kommunikasjon er det vekst på 7 % samanlikna med same tid i 2015. Så langt har vi levert fiber til om lag 103 område i dei ulike kommunane på søre Sunnmøre.
 
Tussa Installasjon har ein tilbakegang i omsetninga samanlikna med 2015 for marknadsområda som er direkte eller indirekte knytt til oljerelatert næring. Det er forventa at tilbakegangen vil halde seg utover 2016. Tussa Installasjon har god ordrereserve i resten av 2016 og ut i 2017.
 
Enøk-senteret har hatt ein vekst i omsetninga samanlikna med same tid i 2015. Selskapet vart selt til Nordplan AS med verknadsdato 31.08.2016.