(20.10.2020)
 

Resultat for Tussakonsernet 2. tertial 2020

Konsernet leverer betre resultat enn frykta i mars då koronapandemien sette inn for alvor i Noreg. Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 46,1 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2019. Hovudårsaka til denne reduksjonen er lågare kraftpris, som gir lågt resultat for kraftproduksjon. Dei andre dotterselskapa og Mørenett AS viser positiv resultatutvikling samanlikna med same periode i 2019.

Rekneskapen pr. 2. tertial 2020 syner eit driftsresultat på 83,3 mill. kr (129,4) og eit resultat før skatt på 59,9 mill. kr (76,9). Omsetninga vart 539,8 mill. kr (737,3), totalkapitalen er 2 868,6 mill. kr (2 838,1) og eigenkapitalprosenten er 33,8 % (31,9). Netto finans syner eit resultat på -23,4 mill. kr (-52,5). Tilsvarande tal for 2. tertial 2019 står i parentes.

Kraftproduksjon
Driftsresultatet for kraftproduksjon er 3,5 mill. kr, som er 72,5 mill. kr lågare enn på same tidspunkt i 2019. Akkumulert kraftproduksjon er på 533,7 GWh (412,8). Produksjonen ved utgangen av tertialet er om lag 134 % av normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore 137 % (104 %) av normalen. Magasinfyllinga ved utløpet av tertialet var på 95 %.

2020 har til no vore eit særs uvanleg år i kraftmarknaden. Store snømengder sist vinter og stadig meir vindkraft har pressa prisane ned. Hydrobalansen i Norden er ved utgangen av 2. tertial om lag 11 TWh over normalt for årstida. Gjennomsnittleg spotpris, systempris, på NordPool har til og med august vore 9,4 øre/kWh (37,6). Områdeprisen i Ørsta i år er 9,3 øre/kWh (37,6). Oppnådd kraftpris for heile produksjons-porteføljen inkludert prissikring vart 15,3 øre/kWh (39,5).

Kraftomsetning
Rekneskapen viser eit driftsresultat på 8,2 mill. kr (1,7). Låge prisar på kraft har gitt låg omsetning, men eit langt betre driftsresultat enn fjoråret for kraftomsetning. Det er forventa at kraftprisane vil stige utover hausten, men at dei framleis vil liggje på eit lågt nivå ut året. Dei låge prisane er positive for kundane og gir oss større stabilitet i kundemassen.
 
Kraftnett
Tussa eig 46,34 % av det felleskontrollerte føretaket Mørenett. Tussa sin del av selskapet er difor konsolidert inn i Tussa sin konsernrekneskap.

Rekneskapen viser eit driftsresultat på 42 mill. kr (31,7). Driftsresultatet har ei positiv utvikling, og hovudårsaka er reduserte kostnader. Det er mange faktorar som bidreg til dette, og hovudårsaka er reduserte driftskostnader.

IKT
Driftsresultatet for IKT er 26,6 mill. kr (20,7) pr. 2. tertial.

Ved utgangen av tertialet var det levert fiber til 11 647 hushaldningar (10 377) og 776 bedrifter (656). Samla kundemasse over alle teknologiar er 13 574 hushaldningar (12 552) og 993 bedrifter (932). Hittil i år har investeringane vore på 57,5 mill. kr (47).

Forretningsområdet kommunikasjon hadde ved utgangen av tertialet ein auke i ekstern omsetning på 8,1 mill. kr, noko som utgjer 10,5 % vekst frå same tid i 2019. Privatmarknaden, med produktområda internett og TV, står for 7,1 mill. kr av auken, medan bedriftsmarknaden står for 1,0 mill. kr.

Ved utgangen av tertialet hadde forretningsområdet IT ein auke i den eksterne omsetninga på 6 mill. kr samanlikna med 2. tertial 2019. Dette gir ein vekst på 14,0 %. Hovudårsaka til dette er auke innanfor IT-avtalar.

Installasjon
Driftsresultatet for installasjon var 4,7 mill. kr (-0,9) pr. 2. tertial. Ved utgangen av tertialet var auken i omsetninga på 28 % samanlikna med i fjor.

I marknadsområda som er knytt til større byggjeprosjekt er konkurransesituasjonen framleis hard, men det har likevel lukkast å auke omsetninga. Innanfor servicemarknaden er det stor aktivitet, både mot næringskundar og privatkundar, og vi forventar høg aktivitet ut året. Det er også stor aktivitet knytt til fiberutbygginga for Tussa IKT.

Selskapet har lukkast med å signere fleire større prosjekt for levering i 2020/21, og i tillegg vert det rekna på fleire større, interessante prosjekt for levering i 2021.

 Tertialrapport 2 20202