Aktuelt og media
(12.10.2015)
 

Resultat 2. tertial 2015

Tussakonsernet har eit driftsresultat på 68,4 mill. kr pr 2. tertial 2015. Det er ein auke på om lag 10 mill. kr i forhold til same periode i fjor.

Rekneskapen 2. tertial 2015 syner eit driftsresultat på 68,4 mill. kr (59,1) og eit resultat før skatt på
40,4 mill. kr (28,1). Omsetninga vart 544,9 mill. kr (531,0), totalkapitalen er 2 218,5 mill. kr (2 665,0)
og eigenkapitalprosenten er 35,5 % (29,8). Netto finans syner eit resultat på -28,0 mill. kr (-30,9). Tilsvarande
tal for 2. tertial 2014 står i parentes.
 
Høgare kraftproduksjon - lågare prisar
Akkumulert kraftproduksjon er på 485,5 GWh (394,5). Produksjonen ved utgangen av tertialet er om
lag 21 % over normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore på om lag 118 % av normalen.
Magasinfyllinga var på 90 % (78 %).
 
Det har vore ein våt vår og kjøleg førsommar. Det har vore store snømagasin i fjella, men snøsmeltinga
kom seint i gang. Mykje vatn har ført til stor produksjon og svært låge prisar. Hydrobalansen i Norden
er ved utgangen av 2. tertial 4,6 TWh over normalen. Det har vore stor eksport av energi frå Norden i perioden. Låge råvareprisar både på kol og olje, samt ein god magasinsituasjon i Norden har vore dei viktigaste prisdrivarane.
Gjennomsnittleg spotpris på NordPool pr 2. tertial har vore 18,4 øre/kWh (23,7). Områdeprisen i Ørsta
følgjer prisen i NO3, og gjennomsnittet pr 2. tertial var på 18,6 øre/kWh (25,5).
 
IKT i vekst
Ved utgangen av 2. tertial har vi hatt ein vekst i forretningsområdet IT på 0,4 mill. kr samanlikna med
2. tertial 2014. Innanfor forretningsområdet kommunikasjon har vi ved utgangen av 2. tertial ein vekst på 4,6 mill. kr, noko som utgjer ein vekst på 9 % frå same tid i 2014. Veksten er størst innanfor privatmarknaden for produktområda internett og TV, men vi har også god vekst knytt til fiber til bedriftsmarknaden.