(15.06.2020)
 

Resultat 1. tertial 2020

Tussakonsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 59,1 mill. kr samanlikna med 1. tertial 2019. Hovudårsaka til reduksjonen er lågare kraftpris. Dei andre forretningsområda viser positiv resultatutvikling.

Rekneskapen for 1. tertial 2020 syner eit driftsresultat på 60,2 mill. kr (119,3) og eit resultat før skatt på 23,9 mill. kr (118,6). Omsetninga vart 314,9 mill. kr (467,2), totalkapitalen er 2 932,8 mill. kr (2 982,9) og eigenkapitalprosenten er 33,6 % (31,3). Netto finans syner eit resultat på -36,3 mill. kr (-0,8). Tilsvarande tal for 1. tertial 2019 står i parentes.

Driftsresultatet for kraftproduksjon vart 9,9 mill. kr, som er 75,5 mill. kr lågare enn på same tidspunkt i 2019. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med lågare kraftprisar og lågare produksjonsvolum. Akkumulert kraftproduksjon vart 276,3 GWh (304,4). Produksjonen ved utgangen av tertialet var om lag 102 % av normalproduksjonen for perioden.

Innanfor forretningsområdet IKT auka omsetninga 11 prosent første tertial, samanlikna med same periode i fjor. Driftsresultatet vart 11,1 mill. kr. Spesielt god utvikling var det innanfor IT.

Installasjon auka omsetninga vel 29 prosent, og fekk eit driftsresultat på 1,2 mill. kr i 1. tertial. For kraftomsetning vart omsetninga 45,9 mill. kr, og driftsresultatet 5,6 mill. kr. Sterkt fallande kraftprisar gav låg omsetning, men eit langt betre resultat enn i fjor.

Utsikter for 2020
Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool pr. 1. tertial var på eit nivå som ikkje har vore målt på fleire tiår. Etter utgangen av april har prisane vore enda lågare. Framtidsprisane viser eit framleis lågt nivå, før det er venta ein suksessiv auke frå september/oktober. Dette betyr at driftsresultatet for kraftproduksjonen i 2020 kan verte redusert med opp mot 100 mill. kr samanlikna med 2019.

Samstundes er det gledeleg at dei andre forretningsområda så langt ikkje ser ein direkte negativ effekt av koronapandemien. Rentenivået er svært lågt, noko som over tid vil ha positiv effekt for kapitalintensiv verksemd med god soliditet.

Totalt sett er det forventa eit betydeleg resultatfall for 2020 samanlikna med 2019. Investeringane for året er forventa å verte vesentleg høgare enn avskrivingane.

 Tertialrapport 1 2020