Aktuelt og media
(31.03.2016)
 

Reiv masta på Rjåhornet

Tussa har bygd ny mast og radiohytte på Rjåhornet. Torsdag vart den gamle masta riven og rydda vekk med helikopter.

​Den gamle radiomasta på Rjåhornet i Herøy vart bygd av Søre Sunnmøre Kraftlag tidleg på 1970-talet. I 2014 bygde Tussa ny mast og radiohytte, og sidan då har det stått to master på fjellet. No, etter at alle radiosystema er flytta over til den nye masta, var det tid for å fjerne gamlemasta.

Torsdag 30. mars vart masta lagt ned ved å kutte to av bardunane som heldt ho oppe. Ho vart så delt i to og flogen ned med helikopter.

Johnny Hundsnes, Gjøran Kvitle og Jan Magne Bjørkedal i Tussa sto for arbeidet, saman med Fjord Helikopter.