Aktuelt og media
(02.06.2014)
 

Problema i breibandsnettet er løyste

Problemet med internett ser no ut til å vere løyste. Dei siste kundane i Herøy fekk tilbake nettet kl.17.00 i dag 3.juni. Utover ettermiddagen og kvelden vil vi overvake situasjonen og kvalitetssikre og verifisere at alt fungerer som det skal, seier adm.dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Natt til måndag vart det gjort ei oppgradering av hovudswitchen i breibandsnettet. Vi har vekst i kundetalet på breiband, og oppgraderinga vart gjort for å ta høgde for vidare vekst. 

- Etterkvart som trafikken auka utover måndag oppsto problemet i breibandsnettet. Kundar i området vårt opplevde sterkt redusert hastigheit på internett, seier Ivar Driveklepp, adm. dir i Tussa IKT.

Då problemet vart oppdaga måndag føremiddag vart det sett i gang feilsøking. Måndag ettermiddag kom det på plass ei mellombels løysing, medan medarbeidarar frå Tussa jobba vidare med problemet. Rundt midnatt fekk dei på plass ei permanent løysing.

- I dag tidleg hadde dei aller fleste kundane våre fått tilbake breibandet. Nokre få kundar i Herøy måtte vente til kl. 17.00 før alt var i orden igjen.
 
Nettet blir overvaka utover ettermiddagen og kvelden, for å vere sikre på at alt fungerer som det skal over tid.
Lenke til feilmeldingslogg